Inkluderingsarbeid

Her ligg det nokre enkle tips til korleis du kan drive inkluderingsarbeid i din organisasjon.

Rekruttering

- Ta kontakt med dei stadane målgruppa for din aktivitet er. Dette kan vere skule, vaksenopplæring,

sosiale møteplassar eller liknande. Spør dei tilsette om dei kan informere om tilbodet eller be om å få
nytte fem minutt på å informere sjølv. Det kan vere ein føremonn å ha med skriftleg informasjon i
tillegg, gjerne på fleire språk om målgruppa er innvandrarar eller barn med innvandrarforeldre.
- For å få med barn i aktivitet kan det vere ein god idé å nytte litt tid på eit foreldremøte i skulen for å
informere om tilbodet.
- Om ein prøver å nå dei meir utsette gruppene i samfunnet (låginntektsfamiliar, innvandrarar eller
liknande) kan det vere lurt å kontakte NAV, kommunen og/eller flyktningtenesta, då dei er i kontakt
med desse og kan vidareformidle informasjonen.

Kommunikasjon

- Å kommunisere ansikt-til-ansikt er meir personleg og effektivt enn annan kommunikasjon.

- Nokre deltakarar kan ha språkutfordringar. Bruk gjerne tolk/språkhjelparar til samtalen. Kanskje har
ein medlemmer i organisasjonen som meistrar det aktuelle språket? Dette gjer det mogleg å gå meir i
djupna innanfor ulike emne, og det kan minske risikoen for misforståingar som følgje av språkvanskar
og kulturelle kodar.
- SMS eller skriftlege beskjedar til å ta med heim er òg ein god måte å kommunisere på. Formuler deg
enkelt og presist.
- Digitale plattformar som Facebook er populære kommunikasjonskanalar, men langt frå alle nyttar
desse. Dermed vert informasjonen utilgjengeleg for nokon. Vidare kan lange diskusjonstrådar i verste
fall vere misvisande dersom ein ikkje forstår språket så godt.

Oppfølging

- Om nokon sluttar å møte opp på trening er det viktig å ta tak i dette så fort som mogleg. Ein venleg

SMS eller telefon til barnet eller barnet sine føresette kan i nokre tilfelle vere nok. Det kjennest godt
å få beskjed om at ein var sakna dei gongane ein ikkje møtte opp.

Inkludering av føresette

- Det er viktig at dei føresette forstår aktiviteten. Inviter dei gjerne med for å sjå på ei trening og ver

tilgjengeleg for å svare på spørsmål. Er det mogleg å lage/få tak i eit informasjonsskriv på ulike språk
som kan delast ut?

Kva kan vere til hinder for å delta?

Økonomi: Økonomi er ei stor utfordring for mange si deltaking i aktivitet, men det finnest gode løysingar som kan forhindre at dårleg økonomi skal verke ekskluderande.


Organisasjonar må vere realistiske og kreative i arbeidet med å legge til rette for deltaking i aktivitet trass i økonomiske hindringar. Det gjeld å unngå at det vert tilfeldig eller personavhengig om ein finn gode løysingar på denne utfordringa. Organisasjonar bør difor jobbe med å bygge gode system for å dekke kostnadar og støtte barn/familiar som er økonomisk vanskelegstilte.
Dette gjeld støtte både i samband med medlemskontingent, treningsavgifter, utgifter til kampar og turneringar, og utgifter til utstyr.Eit døme på tilbod frå det offentlege er «Fritidskortet». Kanskje dette tilbodet eksisterer i din kommune? Les meir her 

(https://www.bufdir.no/Familie/Fattigdom/Veileder/Praktisk_arbeid_eksempelsamling/Eksempelsamling1/fritidskort/)Vi tilrår òg NIF si verktøykasse for økonomi. Den kan du finne her.
Transport: Transport er ei stor utfordring for mange som bur rundt om i distrikta. Fleire har ikkje eit godt kollektivtilbod eller føresette med moglegheit til å køyre til og frå aktivitet. Det er viktig å kartlegge dette tidleg slik at ein finn ei løysing før problemet hindrar deltaking. Kanskje kan ein organisere betre samkøyring blant føresette?For meir tips til inkluderingsarbeid tilrår vi å nytte «Alle med»-verktøyet som ein kan finne her.


Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang