Om oss

Samspel er eit samarbeid mellom organisasjonane 4H Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Røde Kors og Sogn og Fjordane Idrettskrins. Gjennom prosjektet Samspel vil vi auke fokuset på sosial inkludering og forhindre utanforskap.Trass i eit levande og mangfaldig organisasjonslandskap, fell dessverre nokre grupper i samfunnet utanfor. Vi kan sjå ein tendens til aukande sosiale skilnader, og det vil vi gjere ein innsats for å endre.

Samspel ynskjer å stimulere til auka deltaking i fritidsaktivitetar frå underrepresenterte grupper og skape eit betre samarbeid mellom organisasjonane og det offentlege.

Vårt mål er å ha trygge leiarar, tillitsvalde og frivillige i organisasjonslivet i Sogn og Fjordane, og å gje betre informasjon til dei som ikkje har ein fritidsaktivitet å gå til.

Dette vil vi gjere gjennom å legge til rette for lokale aktivitetsmesser der organisasjonar av ulikt slag får presentere seg og møte interesserte deltakarar og nye frivillige. Lokalt organisasjonsliv vert då meir synleg, lokale tilbod vert betre kjent og vi vil få eit auka engasjement og på sikt kunne bidra til eit meir inkluderande lokalsamfunn med mindre utanforskap.  

 


Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang